Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar

Foto: Bjørge Verbaan Edit: Ragnild Utne

Haugtussa av Arne Garborg er skriven på Jæren, heimplassen min. Eg vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden som diktarstova Knudaheio ligg på og i naturen som vert skildra av Garborg.

Gjennom musikken og den språkreviderte utgåva av Haugtussa (Sigbjørn Reime 2006) har komponist Bjørge Verbaan og eg skapt ei Haugtussa for vår tid. Musikken er inspirert av historia til Veslemøy, det dulde kring henne, kjærleiken, naturen, og mystikken i dikta. Gamle instrument som bukkehorn og nøkkelharpe, og folketoneinspirasjon, i møte med populærmusikk og improvisasjon. Musikken er moderne men tradisjonsberande.

Verket består av 14 dikt frå Haugtussa og musikken er laga på tinging frå Nasjonalt Garborgsenter. Tarjei Nysted har produsert plata saman med komponist Bjørge Verbaan, og eit stjernelag av norske musikarar.

Jorunn Undheim – vokal
Bjørge Verbaan – tangentar
Tarjei Nysted – nøkkelharpe, strykeinstrument, etc.
Jan Olav Renvåg – bass
Christian Svensson – trommer, perkusjon
Geir Sundstøl – gitar
Krister Skadsdammen – gitar
Kjell Harald Litangen – gitar
Hildegunn Øiseth – bukkehorn, trompet
Hanne Vasshus – vokal
Morten Barrikmo – bassklarinett etc
Lise Voldsdal – fiolin
Ragnhild Lien – fiolin
Isa Caroline Holmesland – bratsj
Kaja Fjellberg Pettersen – cello

Frå urframføring 20. oktober 2019

Nasjonalt Garborgsenter om urframføringa: https://www.jaermuseet.no/garborgsenteret/der-draumar-sviv/

Komande konsertar med Der draumar sviv: (mange fleire kjem!)
13. juni: Hamar – Tante Gerda (utekonsert) – meir informasjon kjem.
29. august: Egersund – Mungåt – meir informasjon kjem.
30. august: Stavanger – Utstein Kloster – meir informasjon kjem.
05. september: Kongsvinger – meir info her.

Foto: Endre Haukland