Songprosjekt

Eg har jobba frilans som songar dei siste 8 åra og har vore innom dei fleste stilartar.

Foto: Gunnar Hauge

Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar

I oktober 2019 gav eg ut albumet “Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar av Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan“. Tonsettingane er laga på tinging frå Nasjonalt Garborgsenter, og her kan du lese om urframføringa 20. oktober 2019.

Albumet er produsert av Tarjei Nysted og Bjørge Verbaan, og med på plata er eit stjernelag av musikarar. Du kan lese meir om prosjektet HER.

Complete Vocal Institute

Juni 2020 vart eg autorisert lærar i Komplett songteknikk frå Complete Vocal Institute i København.

Showband og jazzband

Showbandet mitt, Flying Business, speler til dans, og jazzbandet speler eigne swingversjonar av popmusikk, standard jazz, postmoderne swing og taffelmusikk.

I tillegg tek eg oppdrag saman med gitarist, og med pianist og kapellmeister, Bjørge Verbaan, eller sett saman eit stjernelag av musikarar som passer til det du treng!

Dancing on my own

Saman med Julie Ervik, har eg konseptkonserten (Dancing On My Own) som har konsert på Valentinesdagen og gjer små og store eventoppdrag. Meir info: Dancing On My Own.

Kontaktinfo:

Jorunn Undheim
jorunnundheim@gmail.com

Facebook: Jorunnu
Instagram: @jorunnu
Youtube: Jorunn Åshild Austrumdal Undheim

Eg er busett på Strømmen utanfor Oslo, men er alltid tilgjengeleg for oppdrag i heimlandet, Undheim og området rundt.

Treng du hjelp til å arrangere fest? Eg har fleire gode samarbeidspartnarar, mellom anna Scenorama og Underholdningssjefen