Organist og songar Bjarte Lending og songar Jorunn Undheim har jobba saman i ei rekke bryllup, bursdagar og eventar. Sidan 2013 har dei hatt julekonsert saman i Undheim Kyrkje, og laurdag 19. juni lagar dei sommarkonsert saman. Velkommen til ein hyggjeleg kveld på Knudaheio med Bjarte, Jorunn og pianist Bjørge Verbaan.
Som følgje av smittevernreglane, har vi 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel. Konserten kjem til å vare om lag ein time.
Konsertane vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter.