I oktober 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg.
Tonsettingane befinn seg i eit akustisk viselandskap, kor gamle tradisjonsrike folketoneinstrument møter populærmusikk og improvisasjon.
Haugtussa er skriven på Jæren, heimplassen til songar Jorunn Undheim. Ho vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden kor diktarstova Knudaheio ligg, og i naturen som vert skildra av Garborg.
Gjennom musikken og ikkje minst, Sigbjørn Reime sin språkmoderniserte tekst, presenterer dei ei Haugtussa for vår tid.
Den 7. oktober kjem songar Jorunn Undheim, multiinstrumentalist og produsent Tarjei Nysted og komponist og pianist Bjørge Verbaan til Villa Rosehagen med sin Haugtussakonsert.