Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar

@ Utstein Kloster

Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar. Duokonsert med Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim

Venue Details

Address
Mosterøyveien 801, Mosterøy, Rogaland 4165, Norge

I 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg.

Tonsettingane befinn seg i eit akustisk viselandskap, kor gamle tradisjonsrike folketoneinstrument møter populærmusikk og improvisasjon. Haugtussa er skriven på Jæren, heimplassen til songar Jorunn Undheim. Ho vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden kor diktarstova Knudaheio ligg, og i naturen som vert skildra av Garborg.

Gjennom musikken og ikkje minst, Sigbjørn Reime sin språkmoderniserte tekst, presenterer dei ei Haugtussa for vår tid.

30. august kjem songar Jorunn Undheim og komponist og pianist Bjørge Verbaan til Utstein kloster.

Nasjonalt Garborgsenter om urframføring 20. oktober 2019: jaermuseet.no/garborgsenteret/der-draumar-sviv

Billett: 200 kr/ 150 kr med Aftenbladfordel (inkluderer inngang til klosteret, ord. 95 kr).